Skrift i Oslo

Skrift i Oslo – Utstilling Grafill R21 [EN]

For dei fleste er skrift tilnærma luft, teke inn utan mykje ettertanke. Dette er eit forsøk på å setje lys på kva innverknad skrift har på den visuelle kulturen vår; korleis eit spekter av visuelle uttrykk preger måten vi føler, tenkjer og tek stilling til informasjonen rundt oss.

«Skrift i Oslo» er ei kartlegging av skilt og bokstavar i Oslo gjennom hundre år. Utstillinga viser 704 fotografi, samt fysiske skilt og andre gjenstandar frå perioden 1863 til 1963.

Målet er å vise mangfaldet av visuelle uttrykk som fann stad i Oslo, før skrift vart standarisert på tvers av landegrenser.

Bileta fortel mange historier på ein gong. Dei er valt ut på grunnlag av skrifta i dei, men bokstavane er ofte berre i bakgrunnen. Bileta viser situasjonar frå kvardagsliv og historiske hendingar. Vi ser korleis skrift, arkitektur, fotografi, samt utallige andre kulturelle markørar, utviklar seg i takt med byen.

Skrift handlar sjeldan om seg sjølv, og står som regel i teneste til andre. Den tek ofte ei form som fremjer bodskapen til det som står skrive, samt ber preg av kvar og når den er laga. På den måten er utstillinga eit særskilt høve til å få auge på Oslo si heilt eigne visuelle dialekt.

Salgsutstilling
Boka Skrift i Oslo blir lansert 24. september, og kan kjøpast i kiosken på utstillinga. Det vil òg vere nokre få silketrykte plakatar til salgs.

Grunna korona-situasjonen er opninga av utstillinga eit lukka arrangement. Opninga for øvrige besøkande vert difor fredag 25. september klokka 9–16.

Grafill R21
Rosenkrantz’ gate 21
Oslo

25. September til 11. Oktober
Måndag til Fredag 9–16
Laurdag og Sundag 12–16

Read this text in English
post@arvebaat.com
arvebaat.com
Instagram